REKVISITTAR FOR EIT LIV

ei nettutstilling om Ivar Aasen

ivaraasen
Hatten Skrivebord Hostedraapar Skinnvott
Beltepung Stokk Lommeur Bok
Penn Lupe Reiseskrivebord Sko
Topphue Kikeoskje Pipe Hammar
Teaterkikkert Glas Trekkpapirvalse Kam-borste
Om nettutstillinga

Om nettutstillinga "Rekvisittar for eit liv"


Då Ivar Aasen døydde i 1896, arva slekta hans på Sunnmøre alt som var att etter han. Om vi held dei 2500 bøkene utanfor, var det 225 gjenstandar som vart sendt frå Kristiania til Hovdebygda etter Aasens død. Dette var stort sett praktiske og nødvendige ting som var ein del av kvardagen til Ivar Aasen. Desse gjenstandane kan fortelje noko om tida mannen levde i, og det kan fortelje mykje om mannen som eigde dei.

Ragnar H. Albertsen frå fylkesfotoarkivet har fotografert alle gjenstandane, og av desse er det valt ut 20 bilete som er gitt til norske forfattarar. Dei har skrive kvar sin tekst til bileta, og gjennom dette gitt nytt liv til gjenstandane. Det er også skrive kulturhistoriske tekstar om kvar gjenstand, og Ivar Aasens eigne tekstar om gjenstandane ligg ved. Summen av dette håpar vi både vil overraske og skape ny forståing for kven Ivar Aasen var.

Det er utarbeidd oppgåver til nettutstillinga, som gjer utstillinga godt eigna for bruk i skulen. Målet for utstillinga har vore å formidle kulturminne på ein engasjerande og utradisjonell måte, og vi trur dette kan vere interessant for mange, også utanfor klasseromma.

Redaksjon: Kjersti Markegård Bae (red.), Gaute Øvereng og Anders Aanes.
Formgiving: Gaute Øvereng

Nettutstillinga er utarbeidd med støtte frå ABM-utvikling.