I 1833 drog Ivar Aasen til prost Thoresen på Herøy for å få lærarutdanning. Det var første gongen han var utanfor heimbygda, men på ingen måte den siste.

I løpet av dei neste 50 åra vitja Aasen over halvparten (244) av kommunane i landet, rekna etter kommuneinndelinga i 1995. Han var heilt nord til Tromsø og var i alle fylke unnateke Finnmark. Det skal godt gjerast å finne personar som såg og høyrde meir av Noreg på 1800-talet enn Aasen.

Finnmark

Ivar Aasen kom aldri til Finnmark.

Troms

Ivar Aasen vitja i alt fem kommunar i Troms på si reise nordover i 1851.

Nordland

Ivar Aasen vitja i alt 13 nordlandskommunar på sine reiser i 1846 og 1851.

Nord-Trøndelag

Ivar Aasen vitja i alt 14 av kommunane i Nord-Trøndelag i tida frå 1846 til 1856.

Sør-Trøndelag

Ivar Aasen vitja i alt 15 kommunar i Sør-Trøndelag i tida frå 1842 til 1856.

Møre og Romsdal

Ivar Aasen vart fødd og vaks opp i Hovdebygda på Sunnmøre. Han reiste også ein god del i fylket og vitja i alt 16 kommunar utanom heimkommunen i tida frå 1833 til 1886.

Sogn og Fjordane

Ivar Aasen vitja i alt 19 kommunar i Sogn og Fjordane i tida frå 1841 til 1864.

Hordaland

Ivar Aasen vitja i alt 14 kommunar i Hordaland i tida frå 1841 til 1886.

Rogaland

Ivar Aasen vitja i alt 18 kommunar i Rogaland i tida frå 1844 til 1886.

Vest Agder

Ivar Aasen vitja alle dei 15 kommunane i Vest-Agder i tida frå 1844 til 1883.

Aust Agder

Ivar Aasen vitja i alt 11 kommunar i Aust-Agder i tida frå 1844 til 1883.

Telemark

Ivar Aasen vitja i alt 15 kommunar i Telemark i tida frå 1845 til 1868.

Buskerud

Ivar Aasen vitja i alt 18 kommunar i Buskerud i tida frå 1845 til 1866.

Vestfold

Ivar Aasen vitja i alt ni kommunar i Vestfold i tida frå 1852 til 1861.

Oppland

Ivar Aasen vitja i alt 23 kommunar i Oppland i tida frå 1845 til 1886.

Hedmark

Ivar Aasen vitja i alt 18 kommunar i Hedmark i tida frå 1845 til 1867.

Oslo og Akershus

Ivar Aasen var i Christiania for første gong i 1845, og han budde der frå 1851 til 1896.

Han vitja i alt 10 kommunar i Akershus i tida frå 1845 til 1886.

Østfold

Ivar Aasen vitja i alt åtte kommunar i Østfold i 1853.

Før musa over kartet og klikk på fylka for å lese om Ivar Aasen sine reiser i Noreg!
Kart over reisene
Her finn du 28 kart der reiserutene til Ivar Aasen er innteikna.

Kjelder:

Ivar Aasen, CD-Rom (Det Norske Samlaget 1997)

R. Djupedal: Ivar Aasen – Brev og dagbøker Band 3 (Det Norske Samlaget 1960)

Skrifter frå Ivar Aasen-selskapet. Serie A, Tekster. Utgjevne av Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset:

  • Nr. 2: Målsamlingar frå Sunnmøre av Ivar Aasen (Norsk bokreidingslag 1994)
  • Nr. 3: Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen (Norsk bokreidingslag 1995)
  • Nr. 4: Målsamlingar frå Christiansands og Agershuus Stifter av Ivar Aasen (Norsk bokreidingslag 1997)
  • Nr. 5: Målsamlingar frå Trondhjems og Tromsø Stifter av Ivar Aasen (Norsk bokreidingslag 1998)
  • Nr. 6: Målsamlingar 1851-1854 av Ivar Aasen (Norsk bokreidingslag 1999)